Krafttaket på Bjørke

Det moderne Noreg vart bygd og industrialisert ved at vi klarte å ta i bruk elvar og fossefall til kraftproduksjon.

Tyssefossen

Ein av dei største og kraftigaste fossane i Noreg låg på Bjørke, inst i Hjørundfjorden.

Det er no 60 år sidan Tyssefossen vart lagt i røyr, og Tussa Kraft byrja å levere straum til heile søre Sunnmøre. 

No leverer kraftstasjonen på Bjørke 280 millionar kilowattimar i året. Det er like mykje straum som 14 000 husstandar brukar på eit år. 

I kjølvatnet av utbygginga har søre Sunnmøre gått gjennom ei storstilt industrireising. Levestandarden har gått opp, og eigarkommunane har vorte rikare. 

Tussa vart skipa 28. desember 1949

Tidleg på 1900-talet var det industrialisering for fullt i Noreg. Utbygginga av dei rike vasskraftressursane endra Noreg frå eit primitivt jordbruksland til ein blomstrande industristat. På Sunnmøre var kraftutbygginga prega av private utbyggarar som bygde ut kraftproduksjon til eige bruk.

Kommunane såg dei mange moglegheitene kraftutbyggingane ville gi. På Bjørke låg Tyssefossen, og heilt sidan 1917 var det planar om kraftverk her. Etter mange års kamp om fossen vart Tussa skipa i 1949, av kommunane Hjørundfjord, Vartdal, Ørsta og Volda.  

Kommunane si utbygging av Tussa-anlegget kosta 70 millionar kroner (900 millionar kroner i dagens kroneverdi), og var ei frisk og dristig satsing. 16. januar i 1961, etter fleire år med anlegg og linjebygging, skrudde styreleiar Peter Kjeldseth Moe på krafta, og sendte ho ut på nettet. 

"Tussa-krafta påsett kl. 23.15 i går. Glede og velnøgje spredde seg med lyset over heile distriktet."

Møre-Nytt 16. januar 1961

Meir vatn

Tussa såg potensialet i fleire fjellvatn som låg i området, og lanserte tidleg på 1960-talet takrenneprosjektet. Dette var byggjetrinn to i utbygginga. Takrenneprosjektet omfatta eit tunnelsystem på 15 kvadratkilomenter med i alt sju vassinntak frå Hornindal. Takrenneprosjektet gav ytterlegare 110 GWh kraftproduksjon til Tussa kraftverk. 

Bygginga av Tussa kraftverk var eit pionerarbeid som kom til å koste mange liv. Januar 1964 vart ein dramatisk månad i Tussahistoria. Den første ulykka hende i Lisjedalen om ettermiddagen fredag 24. januar. Fire menn sat i kvilebua då snøraset kom. Berre ein av dei overlevde. Tre dagar seinare i Hjortedalen skjedde det igjen. 15 mann vart tekne av snøras medan dei hadde pause. Fire av dei omkom og fire vart skadde. Under heile Tussautbygginga omkom til samen 11 mann.

Eit smart kraftverk

Sommaren 2018 vart Tussa kraftverk oppgradert. I løpet av nokre hektiske månader vart alt av maskiner plukka frå kvarandre, nye delar sett inn og gamle delar vedlikeheldt. Gevinsten er meir elektrisk kraft av same mengde vatn, og eit kraftverk som er smartare og meir påliteleg. Det gamle vasshjulet ser du utstilt her i parken. 

Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar.

All kraft frå Tussa er fornybar. I dag eig Tussa 25 vasskraftverk og 1 biobrenselanlegg. Vasskraftverka har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på 750 GWh i året. Det er nok til å forsyne rundt 37 500 bustadhus med straum i eitt år.

Ein del av løysinga

Det er mykje som har endra seg sidan Tussa vart skipa i 1949, men noko er det same. Behovet for elektrisitet er like stort, om ikkje større enn før.

Fornybar energi er basert på ressursar som naturen sjølv fornyar, og har ingen eller svært låge klimagassutslepp. Auka bruk av fornybare energikjelder er naudsynt for at verda skal nå klimamåla sine.

Vasskraftproduksjon og ny teknologi gir store moglegheiter. Tussa er ein del av løysinga.