Driftsstyrar Bakke i Hareid kommunale elverk vart på denne tida tipsa om ei annonse i eit teknisk tidsskrift om maskineriet frå Solberg kraftstasjon, som var til sals for 73 000 kroner. Det passa for ei fallhøgd på 200 meter og ville yte om lag 500 kW.
Perfekt for Nessetelva!
Verksstyret sende sporenstreks to mann til Drammen for å sjå på utstyret. Men akk, nazistane hadde kome dei i forkjøpet. Dei hadde konfiskert heile anlegget som skulle sendast nordover.
Reisa nordover
Etter krigen var over tok elverket kontakt med ordføraren i Fauske. Han svara at til Fauske hadde det ikkje kome noko verk! Men ein reisande for Siemens hadde sett eit slik verk på jernbanestasjonen i Mosjøen. Verksstyret bestemte at verksstyrar Bakke og styreleiar Måseide skulle reise nordover for å freiste å få fatt i maskineriet.
Styremedlem Peder Skarbak sa då:
”ej tenkje dokke slengje ti dei ei femåkjue tusen å so fær dokke heile greiå”.
Og så for dei!
Ein salsrepresentant for staten forlangte 18 000 kroner for ”hele stasen”. Hareidsdølane kunne ikkje som gode sunnmøringar vende heim utan og ha pruta, så dei kontra med følgjande: ”Vi hadde egentlig tenkt på 12 000…”. Dei møttest på halvvegen og fekk ”hele stasen” for 15 000 koner!
Våren 1946 starta dei arbeidet med bygging av taubane, dammar, røyrgater og kraftstasjon.
Då kraftverket vart sett i drift sommaren 1947, viste det siste kostnadsoverslaget 460 000 kroner. Det tilsvarar om lag 9 mill. kr i 2013-kroner.