Velkommen til Tussaparken

Fornybar energi frå vatn, vind og sol. Tussaparken er ein energipark som produserer noko av straumforbruket sitt sjølv. Solcelleanlegget du ser her på veggen, og vindmølla bak paviljongen, produserer straum til parken, slik at du kan lade mobilen, få varme i vaffeljarnet eller ta ein kveldstur under gatelyktene.

Fornybar energi er meir miljøvennleg og berekraftig

Energien vi får frå vatn, vind og sol er døme på fornybar energi. Fornybar energi er meir miljøvennleg og berekraftig, fordi han er basert på ressursar som naturen sjølv fornyar, utan bruk av fossile brennstoff. 

Fornybar energi er viktig fordi:

  • Fornybar energi er nøkkelen til ei berekraftig utvikling og til å stoppe klimaendringane.
     
  • Straumforbruket vårt aukar. Skal vi erstatte fossile energikjelder, i til dømes industrien og transportsektoren, vil straumforbruket vårt auke med 30-50 TWh i året. Byggjer vi ut tilsvarande mengder med fornybar energi, vil vi halvere klimagassutsleppa våre.  

Vasskraft - den mest effektive energikjelda vi har

Noreg er det sjuande største vasskraftlandet i verda, og klart størst i Europa. Vi er heldige som får nesten all straumen vår frå vasskraft. 

I eit normalt nedbørsår blir det produsert om lag 132 TWh vasskraft i Noreg. Det er litt meir enn det vi normalt brukar av elektrisitet på eit år.  

Vasskraft er bra fordi:

•    Ho er fornybar og varar evig.
•    Ho er rein og har ingen eller svært låge klimagassutslepp etter utbygging.
•    Ho er fleksibel. I store vasskraftverk kan vi lagre vatnet, og krafta kan vi produsere når kundane treng ho. 
•    Det er ein lokal ressurs. Kvart år går ein stor del av inntektene frå kraftprodusentane tilbake til kommunane som har vore med å bygd ut kraftverka, og til lokalsamfunna der kraftverka ligg. Pengane blir brukt til skular, sjukeheimar og andre gode føremål.  

Sola er ei verdifull energikjelde for framtida

Solenergi er den energikjelda i verda som veks fortast. Sjølv om solenergi berre er ein liten del av kraftproduksjonen i Noreg, er den likevel den kraftproduksjonsteknologien som veks raskast. 

Betre teknologi, lågare produksjonskostnader og aukande etterspurnad etter fornybar energi har gjort solenergi til ei stadig meir attraktiv energikjelde. Også i Noreg er det nok sol til at det er fornuftig å byggje ut solcelleanlegg. I følgje NVE er produksjonen frå solceller i Noreg på same nivå som fleire andre stader lengre syd i Europa. 

Solcelleanlegget i Tussaparken

Det er berekna at solcelleanlegget på paviljongen vil produsere 105 kWh pr. kvadratmeter panel i året. Forstørrar vi det opp til 40 m2, og plasserer det på taket på eit bustadhus i Ørsta sentrum, vil det i løpet av eit år kunne produsere 4 200 kWh. Det er nesten 1/4 av straumforbruket til ein gjennomsnittsfamilie. 

Vindkraft er ei fornybar og utsleppsfri energikjelde

Noreg har svært gode vindkraftressursar, og vindkraft blir stadig meir konkurransedyktig som energikjelde. 

Noreg har i dag eit kraftsystem som er dominert av fleksibel vasskraft. Vatn- og vindkraft samspelar svært godt, ettersom vi kan spare vatn i magasina når det er gode vindforhold, og utnytte vasskrafta når det ikkje bles. 

Men vindkraft er omdiskutert i Noreg. Bygging av vindkraftverk krev konsesjon frå styresmaktene, og det er ein omfattande prosess der samfunnsverdien av utbygginga blir vegd opp mot naturinngrep og andre ulemper. 

For at verda skal kunne ha berekraftige samfunn og stoppe klimaendringane er det svært viktig at energien vi brukar kjem frå fornybare energikjelder. 

Tussa - med kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar

Elektrisitet som energiberar er sentral i framtida sitt energisystem, og vasskraft som energikjelde er framleis den mest konkurransedyktige, i alle fall i Noreg. Tussa, med sine vasskraftverk, er godt posisjonert for denne framtida.