- Det var ein klår og kald kveld i januar med mykje snø. Spaninga var stor, for no skulle endeleg det store underet skje, eventyrlyset skulle stråle over bygda.
Dei hadde hengt ei lyspære i glaset på ein av butikkane og mykje folk samla seg uttafor. No skulle det bere til! Dei venta fåfengt, men endeleg kom det. Sannelig, der viste det seg ein ørliten ljoske inne i pæra, raud som ein sommarfeit makk, skjelvande som eit nyfødd fivreld.
Spring heimatt og leit fram oljelampane godtfolk! Ka sa me! Greinaløyse og stormannsgalskap!
Jau, det var lått, det var skadefryd og vitsane hagla. Men brått kom det ein liten dett til med lys. Jaja, det vart ikkje mykje verre, det lyste om lag for ei kole! Men noko særleg å skreppe av var det så visst ikkje. Låtten held seg. Det lyste blått for heradstyret.
Men så kom det endå ein liten dett med lys. Finfint! Optimistane jubla, dette gjekk over all forventning. Ja no ser de! Ka sa me!»
Sitat frå Artur Klæbo på 50-årsjubileet
Boka VERKET 1915–1965 Ørsta Kommunale Elektrisitetsverk av Peter Kjeldseth Moe